onsdag 19. november 2008

"Fri" onsdag


I dag var det ein av dei store jobbedagane. I bloggande stund har eg fått skrive ein IOP, laga ein presentasjon om "Moderniteten som epoke, del 1, frå 1750 - 1900" og lese gjennom 22 elevmapper. Eg har dessutan brukt ein del tid på å laste ned 26 elevnoveller, lagre dei med nytt namn og formatere fleire av dei til OpenOffice. Alt dette arbeidet ligg på dataen, så det er ikkje rart at Minstemann trur eg spelar data eller er på youtube heile dagane (eg er der sikkert meir enn eg burde, men det er ei anna sak). Slike arbeidsdagar må borna gå på sjølvstyr, og i dag hadde dei det kjekt med aktiv uteleik. Trudde eg. Men så sladra Minstemann om at Nummer 3 hadde prøvd å lage bål og brenne rusk ute, og at ho ikkje hadde fått fyrstikkene til å virke skikkeleg. Då vart det Lego resten av dagen.

5 kommentarer:

  1. Hm, det var ein del bålbrenning på 60-talet, utan at vi skal rippe opp i det.

    SvarSlett
  2. Det plar no vere gutane som er dei ivrigaste når det gjeld å lage eld.Eg var fast brannmann ein periode, utan at eg skal rippe meir opp i det som storesysta antydar.Men eg er motstandar av å gøyme fyrstikker.Kva skjer DÅ viss dei finn ei eske? Kan godt forstå at det var fristande å varme opp litt i dag.

    SvarSlett
  3. ja, Gamla er også glad i å brenne rusk, så DEN forstår eg...

    SvarSlett
  4. Ja, det bur vel ein pyroman i oss alle, elles hadde ein ikkje investert i noko så upraktisk som peis?

    SvarSlett
  5. Eg oppbevarer fyrstikker høgt, men synleg. Etter at det gjekk bra med dei to eldste, slappa eg meir av. Generelt sett synest eg det er positivt med initiativ. Ungar no er mindre "oppfinnsomme" (kreative!) enn før. Kanskje fordi dei ikkje får anledning til å kjede seg nok?

    SvarSlett