søndag 9. november 2008

Stylist



Eldstejenta har i lengre tid hatt ein draum: å få rette ut håret til si gamle mor. No har det i min oppvekst, kanskje særleg på 80-talet, vore sett på som stor stas med naturlege krøllar, og i min travle kvardag er ikkje frisyre det eg har prioritert mest, så rettetang har vel aldri vore i mine hender anna enn når eg ryddar etter nemnde eldstejente. I dag fekk ho frie tøylar med å vere stylist og ta seg av hår og sminke før eg for på fest. Vi beregna god tid, for pessimist som eg er, ville eg ha tid til å vaske håret på nytt viss resultatet vart heilt forferdeleg. Sjekk øyredobbane frå Krakow, forresten. Og ja: vi gjekk for pannelugg. Festen var til ære for ein kollega som snart vert 50, og det var mykje moro med meir eller mindre kulturelle innslag, mykje god mat og framfor alt god prat. Vi bygdisane reiste heim i 1-tida, men det tvilar eg på at dei hine gjorde. Ein fantastisk kveld til ære for ei livleg, morosam og omsorgsfull dame som vi på jobben set svært stor pris på.

6 kommentarer:

  1. Det var framanst, men fint!!
    Eg var så fornøgd forrige veke då eg klipte meg og dei naturlege krøllane kom til sin rett.
    Det heitest at ein lett kan stagnere i det årtiet ein hadde si glanstid. Og kva er betre enn 80-talet?
    Ja, ja, skal tru om ho har lyst til å gå løs på tanta!

    SvarSlett
  2. Eg likar deg best slik som du er. Dette var fint nok, men det var ikkje DEG. Håper krøllane kjem snart att, elles kjem eg til å føle meg som ei totalt mislykka mor, som har gitt deg ein arv du ikkje vil ha.

    SvarSlett
  3. Verken Besta eller solveig er dei rette til å uttale seg om kor vidt krøllar er fint eller ikkje. Uansett blir det uaktuelt å stå opp tidlegare for å ordne håret - DER går grensa! Vi går for lettstelte frisyrar, damer!

    SvarSlett
  4. Ja, eg skal klippe meg først best. Når eg har lagt i senga eller står opp frå sofaen og ser meg i speilet, liknar eg på ein av tre raske menn. Gjett kven?
    NB:Eg har ikkje uttalt meg om at krøllar verken er stygt eller fint.Der må du ha overtolka teksten.Read my lips!

    SvarSlett
  5. Korleis skal ein tolke kompliment av typen: "du er så fin- heilt ugjenkjennelig"?

    SvarSlett