lørdag 20. desember 2008

Juleferie!


Fordi Gubben plutseleg skulle ha jobbehelg (laurdag ettermiddag/kveld og dagvakt søndag) måtte vi ta oss ein kjapp handlerunde i dag òg. Indiana vart med, og løn for strevet var ny leikekasse til å ha lego i. Den kassa han ville ha, var ei i eit sett på tre kasser, så då fekk ein av dei tallause hundebamsane til Nummer 3 ei kasse å ligge i. Nummer tre såg ein viss nytteverdi i det nye golvteppet på stova. Nummer to er delvis sjuk, og det er mange born på skulen som har vore elendige den siste tida. Vi kryssar fingrane og håper vi slepp unna sykje no når vi endeleg har fri.

5 kommentarer:

  1. No er det kun minstemann eg ikkje har kjøpt gåve til. Likar han anna lego enn Indiana Jones? Eivind ønska seg nokre figurar som eg har gløymt namnet på (men kjøpt).

    SvarSlett
  2. Ja, eg kjøpte brannstasjon til bursdagen, og det var populært. Kanskje det finst noko meir brann- eller politirelatert lego? Interessene er typisk maskuline for tida. Han ønsker seg også ein skytar, forresten...

    SvarSlett
  3. Ja, lat oss krysse fingrane for ei sjukdomsfri jul! Siste veka har eg vore "forkjøla" kvar morgon og delvis kvar kveld. Elles går det bra.
    Gratulerer med nytt teppe! Det ser nøytralt og fint ut.

    SvarSlett
  4. Eg vil gjerne kjøpe noko som er litt kjekt. Skyting er sunt i den alderen. Få det ut!

    SvarSlett
  5. Ja, han gjekk i cowboyhatt på handleturen i dag, men vart noko brydd då alle butikkdamer kommenterte det. For han er det nemleg heilt naturleg - han er "i rolle".

    SvarSlett