tirsdag 9. desember 2008

Kyrkjekonsert i Kilsfjord kyrkje

På grunn av akutt søvnmangel sist natt vart Minstemann og eg heime medan resten av gjengen var på kyrkjekonsert i kveld. Der var både små og store kor i tillegg til korpsa på Folkestad og Straumshamn. Biletet viser fem av aspirantane frå Straumshamn, der vår Nummer 3 sit nærast kamera.

8 kommentarer:

  1. Her legg dei slikt til komande søndag. Eg reknar med at dei deler opp i fleire konsertar. Det brukar å vere stappfull kyrkje.

    SvarSlett
  2. Det skal noko til å greie å få med seg alle arrangementa i førjulstida. Før var det juletrefestar mellom jul og nyttår, og etter nyttår. No brukar ein opp jula på førehand,slik eg ser det.Då vi var ungar tykte vi det var kjekt å gå rundt juletreet på julefestane, no får ein vel ikkje ungane til det? Slik var det i alle fall på skulen dei siste åra eg var der. "Er vi nødt?"spurde dei når vi skulle gå rundt treet og synge.

    SvarSlett
  3. Her i bygda er det juletrefest fjerde juledag, og då er det rikeleg med gang rundt treet. I Volda blir det kyrkjekonsert søndag, elles blir det to skuleavslutningsfestar for meg i neste veke, avslutning på musikkskulen, juleball for eldstejenta, men så stoggar det vel? Komande helg er det ballett tre dagar til endes...Besta kallar det å ta jula på førehand, men personleg synest eg dette er viktigare enn baking, shopping og pynting.

    SvarSlett
  4. Eg har ikkje noko imot førjulsfesting, men for meg høyrest det meir ut som stress.Det er det vel også, men sjølvsagt stemningsfullt og fint. Eg plar gjenta til det kjedsommelige at det er i adventstida eg saknar skulen-det var då vi hadde det mest travelt,men kjekt.

    SvarSlett
  5. Og eg gjentek til det kjedsommelige at det ikkje er DETTE som er stresset, men forventningar ein har til ein julevaska, julepynta heim full av julegåver og julemat. Kvar juletentamenane kjem inn, kan de no berre tenkje dykk.

    SvarSlett
  6. Når det gjeld vasking får eg sitere mi eiga mor:Forstår ikkje vitsen med så mykje vasking til jul, det er no så mørkt at ein ikkje ser skiten ein gong.

    SvarSlett
  7. Må få legge til at aspirantane våre er heilt fantastisk flinke( ikkje innhabil i det heile) Når det gjeld julevasken så kan eg kome med eit tips fra finnmark.. skift ut alle lysperene i stova til svakare Watt så viser skiten enno mindre;-)Nina

    SvarSlett
  8. Må berre skryte av aspirantane- dei var kjempeflinke!! Ellers så kom her eit godt tips frå Nina - skift alle lyspærene i stova til svakare Watt. Den skal eg ta med meg.
    Ellers må vi huske på å kose oss no i adventstida. Juledagane går så fort, særleg når ein har forventningar til alt som skal gjennomførast.

    SvarSlett