mandag 29. desember 2008

To gode gutar



I dag var eg på visitt hos kollegavenninna som fekk baby 21. desember, og så kom ei anna kollegavenninne også dit med sin baby på nesten to månader. Det var forresten vi tre som var i London sist vinterferie, men det var ikkje tema for dagen i dag. Babyar er som regel skjønne, men desse to gutane er to uvanleg vellukka eksemplar! Eit kjempekoseleg treff - håper det blir mange fleire framover!

2 kommentarer:

  1. Kan du forstå at somme seier at alle babyar ser like ut? Desse to var i alle fall veldig ulike, men skjønne begge to.Eg synest det er så artig når ungar blir født med langt svart hår. Av alle "våre" er det vel berre A. som har hatt den lukka? Kanskje derfor ho fekk namnet sitt?

    SvarSlett
  2. Namnet var bestemt på førehand, det har vore skikken her hos oss, men det "kledde" henne ekstra godt fordi ho var mørk og stor, etter vår målestokk. Etter kvart kler dei fleste namna sine, men det å finne eit namn som "kler" ein baby må vere vanskeleg.

    SvarSlett