fredag 20. februar 2009

Nagle ømt fast i rytmer? Hallo?

Å avslutte siste veka før vinterferien med ein dobbelttime i norsk, er i seg sjølv ei stor utfordring. Når temaet i tillegg er dikttolking, må det heile seiast å vere kamikaze.

I dag stod eitt av favorittdikta mine på planen, og du kan lese det her

Eller les Ariels kortversjon:
Ein fyr ser på solnedgangen og føler seg lykkeleg og forelska,
så gjer han den tabba å spørje dama kva HO tenkjer på
(og dette må de lære av, folkens: spør ALDRI nokon om slikt dersom de er lukkelege)
Det viser seg at dama er deppa og tenkjer på at dei skal døy medan verda rundt dei held fram med å leve vidare
Han blir trist av det ho seier, held rundt henne men finn ikkje på noko å seie

Elevane ville i utgangspunktet heller spele data, men dei kom på gli etter kvart, og det heile toppa seg då eg stilte dei spørsmålet som stod i boka: "Hvordan er det mulig å leve et lykkelig liv når utfallet alltid er døden"? ("Spenn 3" side 395)

Heldigvis er elevane fantastisk opne for det meste, dei tolka og funderte og konkluderte så flott at ein gammal lærar vart rørt i hjarterota. Då timen var slutt, hadde vi akkurat blitt einige om å leve i nuet, gripe dagen og fokusere på det positive. Eg hadde starta timen med å forklare kva metaforar og klisjéar var for noko.

4 kommentarer:

  1. Eg avslutta og veka med dobbeltime i norsk. Dei fekk ein "time på data". Dei har skrive ein avisartikkel. Så no har vi lært å lage spaltar og flytte bilde m.a.
    Vi avslutta med siste del av "Ver varsam- plakaten".
    Dei skal skrive bokmelding etter ferien, og eg oppmoda dei om å lese ei bok i ferien. Då viste det seg at klassestyraren hadde bedt dei slappe av og ikkje tenke skule, heilt rett sjølvsagt. Men heldigvis er det ein elev som skjer i gjennom og snakkar varmt om viktigheita av å lese bøker.

    SvarSlett
  2. Eg har dessverre aldri blitt skikkelig glad i dikt. Trur det kjem (litt) av at vi på gymnas vart påtvinga læraren sine tolkingar!(HM)Og alt VI sa var feil.
    Det første verset av dette diktet var no heilt........Seinare vart det meir forståelig. Likar best kortversjonen til Ariel.

    SvarSlett
  3. I boka eg les no, kjem mannen heim frå krigen og blir "gjenforent" med kona si.Ho spør han:"Kva tenkjer du på no?" Og han svarar:"At det er godt å ligge i ei skikkelig seng igjen. Og så tenkjer eg på at kveldsmaten var god."
    Ikkje heilt det ho venta, kanskje?

    SvarSlett
  4. Elevane meinte at dei noko langdryge første strofene fungerte fint som ei innføring av lesaren til den lukkemodusen som eg-personen er i på det tidspunktet. Sjølv slit eg med metaforen "rugens sølvgrå pels", men elles er diktet ein klar favoritt som eg ser fram til å jobbe med kvart år - samtidig som det er viktig å stålsetje seg når ein skal lese favorittane sine saman med ungdomar. Eg har eit litt uheldig minne frå ei russetid då eg las "Haugtussa" med elevane og hadde lagt litt for mykje sjel i førebuingane...

    SvarSlett