lørdag 21. februar 2009

Bok 9 2009: "Afrika - en vakker dag" av Tomm Kristiansen


I det siste har eg hatt med meg Tomm Kristiansen på tur. Han har fortalt meg om kvardagsliv, historie og storpolitikk på det afrikanske kontinentet, og det har vore både interessant og engasjerande. Det aller verste, var å høyre om valdtekt av kvinner under konfliktane i Kongo - då var det like før eg svima av inne i Geislida - og korleis desse kvinnene evna å tilgi gjerningsmennene. I det heile får ein ei forståing av at afrikanarar tenkjer ulikt europearar på godt og vondt.

Eg har lese ein god del afrikansk litteratur tidlegare (jfr nokre vekttal frå 1989, blant anna), og det er eit kontinent som fascinerer meg, og som eg godt kunne ha tenkt meg å reise til.

2 kommentarer:

  1. Denne boka har eg også lese, sjølvsagt. Veldig interessant for meg som aldri har lært noko særleg om afrikansk historie. Men ein kan ikkje greie å hugse alt...Så eg har vore inne tanken om å kjøpe paperback-utgåva og ha som oppslagsbok.Såg den på Haugen ein gong.
    Eg har i grunnen lese mange bøker der handlinga eller noko av handlinga er lagt til det afrikanske kontinentet.Fascinerane-og skremmande.

    SvarSlett
  2. Eg har sett lydbøker av han på biblioteket, så det skal eg prøve meg på. På samfunnsfag halvårseining på Volda Lærarhøgskule i begynnelsen av 80-talet la dei vekt på Afrika, med studietur til Marokko.

    SvarSlett