torsdag 12. februar 2009

Klovneri og koreografi






Etter nyttår starta vi oppatt barneklubben til ungdomslaget i bygda. Kvar torsdag møtest vi for å øve inn program til ein fest som skal vere seinare på vinteren, og borna har sjølve kome fram til at temaet skal vere sirkus. Kvar gong finn vi noko nytt sirkusrelatert å øve på, og denne gongen var det klovneri, som munna ut i eit levande kjempetusenbein bygd av 15 bygdeborn. Etterpå delte dei seg inn etter kjønn for å øve på dansar. Eldstejenta mi stiller sjølvsagt velvillig opp som koreograf, med veslesystera som assistent.

2 kommentarer:

  1. Det ser skikkelig stas ut! Kjekt at så mange er saman om å lage program og fest:) Det vert sikkert veldig bra!

    SvarSlett
  2. Det er mykje kreativitet i den vesle bygda!Det er veldig positivt, men det krev at folk stiller opp.

    SvarSlett