tirsdag 17. februar 2009

Minst, men med størst underhaldningsverdi


Etter at biletet til førre blogginnlegget var teke, vart (sjølvsagt) alle dei 21 fastelavnsrisa liggande i ein haug på buffeten til høgre på biletet. Nummer 2 gjorde store auge då han kom inn og såg haugen: "he an E laga alle dissa risa i barnehagen?"

Minstemann omtalar seg sjølv som "gullet ditt" (altså mitt, som i "mamma, gullet ditt må på do") for tida, og er i det heile merkeleg oppteken av si gamle mor, som han forresten trur er 29 år (skal tru kven som har innbilt han det). "Mamma, kor monge daga de e te du blir 30?" Svaret mitt er 447, uansett. "Når ej blir 60, skal ej gifte mej me dej, mamma", kjem det med eit lite sukk.

60 er det magiske talet, inspirert av den fjerde Indiana Jones-filmen. I jula laga han ein ny julesong: "en skulle vøri 60 år i romjuln".

Det er berre ein ting Minstemann ønsker seg som souvenir frå London, nemleg meir Indiana Jones-lego. Når han blir stor, vil han reise til Berlin saman med mora si - det var der Eldstejenta og eg kjøpte den første pakken med slik herlegdom i fjor haust. Eit anna mogleg reisemål er USA, og dei mest oppvakte blant dykk kan sikkert gjette kven vi skal leite etter der.

3 kommentarer:

  1. E er berre heilt utruleg sjarmerande og morsom. Eg såg ein på Dagsrevyen i dag som minte om E.Han var fem år og digga AC/DC !

    SvarSlett
  2. Går ut frå at når han er klar for giftarmål i 60-årsalderen er du framleis 29 ???

    SvarSlett
  3. Ja, sjølvsagt! reknar med eg får problem den dagen guten sjølv blir 29?!

    SvarSlett