mandag 16. februar 2009

Framtid i Saniteten?


Eldstejenta skal selje ris for fotball-laget, og Minstemann har laga eit nydeleg ris i barnehagen. Sjølv har eg planar om å bake bollar og piske krem ein dag. Det går mot fastelavn, karneval, musikal og mykje moro. Og vinterferie, sjølvsagt, med Londonturen som det heilt store. Nedteljinga er i gang for lengst, og planane er snart i boks. Kanskje skulle eg laga nokre ris og selt eg òg, for £4 per stk, til dømes.

2 kommentarer:

  1. Det høyrest ut som de treng meir pengar til Londonturen? Hadde tenkt at Ingeborg skulle få bursdagspresangen sin på førehand då ho var her. Gløymde det sjølvsagt, men kan sette inn på kontoen din.

    SvarSlett
  2. Ingeborg har visst fått eit bidrag (spør "Besten")

    SvarSlett