onsdag 4. februar 2009

Kanskje ein skulle ta "for mye Möllers tran"?



Det er meir enn 15 1/2 år sidan eg gav eitt av barna mine tran. Då var Eldstejenta baby, og ho gulpa tran i dagevis etter å ha fått i seg ei lita teskei. I den siste tida har vi ete seloljekapslar alle mann, bortsett frå Nummer 3, som har problem med å svelgje dei. Reinsleg, enkelt og greitt, tenkjer eg. Men så skulle Minstemann på femårskontroll i går, og då fekk han ei flaske tran i premie! Gleda var stor, og han har allereie tatt overdose fleire gongar. I tillegg har ungane tigga til seg ein boks med vitaminbjørnar - det næraste ein kjem sunt godteri. Blir dei ikkje sunne og friske no, så veit ikkje eg.

Dagens innlegg skulle eigentleg handle om sola, som teoretisk sett skal vere på garden no. Overskya vêr forstyrra den planen, og etter den spydige kommentaren om blogging frå Nummer 3 førre onsdag, hadde eg bestemt meg for ikkje å gå i skogsvegen. I staden har ungane leika ute saman med nabogutane, og eg har børsta bikkje, vaska/bretta klede og kvilt meg. Det har vore mykje jobb og stress i det siste, mellom anna var eg på jobb i 11 timar i går, så det er fantastisk å kunne ta ein time-out midt i veka. Og kanskje tvingande nødvendig for å halde ut. I alle fall viss ein ikkje tek tran.

2 kommentarer:

  1. Eg har aldri greitt å ta vanleg tran. Då vi var små var der ikkje anna alternativ, så vi måtte til pers.Mamma sitt triks var ublanda saft på botnen av medisinglaset og tran oppå-til meg! Svein elska tran og tok gjerne overdose. No tek eg kapslar:KVAR DAG HEILE ÅRET.

    SvarSlett
  2. Fordel med fri onsdag er at ein kan ta seg ut tysdag og ta seg inn att, og det same til helga. Samtidig vert det meir å ta att. I år har eg 80% på 5 dagar, då vert meir gjort i "arbeidstida".

    Elles vil eg åtvare mot store mengder vitamin A. Det har skjedd med småbarn i USA. Et du 5-dobbel mengd vitamin D over ein periode, kan du og verte forgifta. Så når tranflaska er tom, anbefaler eg den med månader med R i.
    Ja, ja, mi erfaring er at helsesøstra greier å motivere dei for ei veke eller to, og så vert det ståande ei halv flaske i kjøleskåpet til ho vert kasta.....,

    SvarSlett