fredag 6. februar 2009

Alle mann alle


Nummer 2 har overnattingsbesøk av absolutt alle gutane i klassen sin - flaks at dei berre er tre. Det er ein fornøyeleg trio med svært ulike personlegdomar og veremåtar, men som likevel har halde saman sidan dei begynte i barnehagen tre år gamle. Eg påstår at dei har krangla ein gong, men Gubben seier at det hugsar ikkje han. Om dei er to eller tre spelar inga rolle - her blir ingen utestengd eller gløymd. På overnattingsbesøk høyrer det med masse snacks og play station til langt på natt, og nummer 3 har vore temmeleg fornærma sidan ho aldri får ha overnattingsbesøk. Dei er berre to jenter i klassen hennar, og venninna torer ikkje å ligge vekke. Minstemann har ein bestevenn som han vil ha på overnattingsbesøk, men problemet er at kompisen vil ha med seg mora si. Forslaget går ut på at denne mora og Gubben skal ligge på sofaen i kjellaren, medan gutta boys kosar seg med Indiana Jones-spel og snacks.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar