mandag 16. februar 2009

Bok 8 2009: "E for Eksplosiv" av Sue Grafton


Det blir ikkje høve til å lese så mykje anna enn elevtekstar for tida, men eg har no lide meg gjennom denne femte boka i alfabetserien til Sue Grafton. Igjen heilt grei krim, men det er noko med at ho ikkje greier å etablere karakterane slik at ein festar seg ved dei. Personar ein har sett føre seg som 25, viser seg plutseleg å vere 52, andre har ein gløymt på vegen. Ikkje forstår ein heilt kva drivkreftene bak ugjerningane er heller. No avsluttar eg alfabetprosjektet, som eg i utgangspunktet var svært fascinert av.

Konklusjon: god idé, men dårlege bøker.

5 kommentarer:

  1. Det gjer du rett i, trur eg.Eg går ofte surr i alle desse krimheltane mine. Trur det er lurt at dei har ein tydelig karakter (nesten karikert) og ein attributt som ein hugsar. Svend Foyn har t.d.St.Berhardshunden Hulda.Nokon betre?
    Det er heilt håplaust viss ein ikkje ser personane for seg. Boka eg las no sist hadde gode personskildringar!

    SvarSlett
  2. Eg såg Stieg Larson-skodespelarane. Det lovar bra. Han var akkurat rett mann. Lisa Sallander er nok tilnærma umuleg å finne, så lita og spesiell. Men ansiktat stemte. Eg trur det vert bra!

    SvarSlett
  3. Heltane greier eg å halde greie på - problemet er at eg ikkje festar meg verken ved offer eller gjerningsmenn...

    SvarSlett
  4. Den første boka av Stieg Larsson likte eg godt. Dei andre to berre sånn passe.Å finne skodespelarar som tilsvarer det indre bilde ein har av personane, er omtrent umulig.Filmane ein lagar sjølv ewr alltid best!!!

    SvarSlett
  5. Einig med Besta der, ja. Berre "Gjøkeredet" er betre enn boka - mykje på grunn av Jack Nicholson. Elles har eg så langt aldri sett ein film som er betre enn boka. Tvert imot.

    SvarSlett