søndag 17. januar 2010

Søndag på skøyteisen


Det lokale 4H-laget arrangerte skøyte-søndag på Bjørkedalen i dag, og då måtte vi ta oss ein tur. Skøyter er langt meir sosialt enn ski, då det er mogleg å ha ein fast bålplass som ein kan kome attende til ved behov. Det var berre Nummer 2 som ville ha på seg skøytene - han kallar det forresten skeiser, som den einaste i familien - men alle dei tre yngste spelte ishockey. Eit triveleg tiltak - og no ser det ut som om nokre av borna skal begynne på 4H òg.

3 kommentarer:

  1. Her i Ørsta er det vanleg å seie skeiser-eller som den vanlege uttalen er -"sjesse". På skulen hadde vi mange skuleturar til Hovdevatnet dei åra vi var så heldige at der var skikkelig is.Då eg jobba i Solheimsdalen låg skulen attmed eit vatn der det var is, og ungane gikk på skøyter i friminutta. Dei prøvde å lære meg,
    det var heilt bortkasta.Men det ser veldig kjekt ut.

    SvarSlett
  2. Eg veit ikkje kva eg seier, men ungane seier "sjesse"! Skeisekarriera mi i vaksen alder slutta før den begynte. Venninna mi datt bakover og slo hovudet i isen og fekk hjerneskaking (;-(. Og eg bruker ikkje sykkelhjelm verken på vegen eller på isen.

    SvarSlett
  3. Eg har ein sykkelhjelm ein eller annan stad, brukte den då eg som lærar skulle "gå foran med eit godt eksempel."

    SvarSlett