torsdag 18. februar 2010

Bok 6 2010: "Kvinnen i buret" av Jussi Adler-Olsen

"Kvinnen i buret" er den første romanen i ein thrillerserie, og den kom ut på norsk hausten 2009. I boka møter vi ein etterforskar som av ulike grunnar er blitt plassert på eit kjellarkontor for å løyse gamle saker. Parallelt med dette møter vi ei kvinne som er innestengd i fleire år utan å vite av kven, eller kvifor. Sakte, men sikkert vert saka oppklara både av kvinna sjølv og av etterforskaren. Som tidlegare blogglesarar veit, er eg svak for romanar med spennande komposisjon. Særleg i kriminallitteratur gir komposisjonen rom for auka spenning. Dette er i høgste grad ei lettlesa og spennande bok, og eg kjem til å lese seinare bøker i serien etter kvart som dei kjem ut.

9 kommentarer:

  1. Den høyrest absolutt ut som noko for meg!

    SvarSlett
  2. Skal prøve å hugse å ta den med til deg (har også med ein kveil med gul velour/fløyel).

    SvarSlett
  3. Ser ikkje ut som om det er ei lydbok? Sikkert spennande, men eg har også ei artig bok på "sykeleiet"- Torbjørn Færøviks Midtens rike -kinesisk historie-heilt fersk. Kom ut i 2009.

    SvarSlett
  4. Flott at du ordnar "fløyel".

    SvarSlett
  5. Jeg like denne kjempegodt, har lest andre bok i serien også, Fasandreperne(likte også den).

    SvarSlett
  6. Alltid kjekt med "nye" forfattarar og seriar!

    SvarSlett
  7. Denne har jeg også anmeldt, har du sett det? Hvis du scroller nedover på siden min..?
    Jeg skal også anmelde bok nr2 i serien, Fasandreperne, men den har jeg ikke kommet helt i gang med enda.
    ha en fin dag!
    klem,M

    SvarSlett
  8. Eg les ikkje andre sine blogginnlegg før eg har skrive mine eigne, men no skal eg ha meg ein "runde"! Ha ei strålande helg!

    SvarSlett
  9. Ser det er flere som liker Kvinne i buret. Jeg er av de mange som har latt meg begeistre, ble nok spesielt begeistret for den humoristiske tonen mellom Carl og Assad. Til Besta: Kvinnen i buret finnes i lydbok viss du ennå ikke har fått fatt i den. Løp og kjøp! :)

    SvarSlett