tirsdag 2. februar 2010

Folkestad skule på skidag

I dag var dei tre yngste på Reset - denne gongen saman med skulen. Gubben tok fri ein del av dagen såpass han fekk følgje dei, og det var fint. Nummer 3 tok storetrekket aleine for første gong, og Minstemann fekk vere med i sjefshuset og sjå seg omkring der.

Etter skidagen åt alle fire ungane og eg middag på Viva før eg kjørte Nummer 3 på ballett. No i kveldinga er Nummer 2 og 3 på langøving med korpset. Somme dagar er i overkant aktive...

2 kommentarer:

  1. Flott at skulen kjem seg på skitur mens veret ER her.Kan ikkje minnast finare vinter enn den vi har i år.Og sola varmar.

    SvarSlett
  2. Det vert finare for kvar dag som går. Turbodagar kalla vi slike dagar!

    SvarSlett