tirsdag 16. februar 2010

Janosch Traumstunde

Tysdagsdaten med ungane gjekk i dag til Viva Volda, sidan det no var dei to yngste sin tur å bestemme. Deretter tok vi oss ein tur på biblioteket, der vi lånte bøker og filmar.

Då vi var komne heim, sende eg dei to mellomste på korpsøving og flata ut saman med Minstemann på sofaen med ein boks peparkaker og ein Janosch-film. Litt skuffande for meg at filmen var dubba på bokmål, men ingen av borna her har sett serien på barne-tv, så for dei gjorde det ingenting.

1 kommentar:

  1. Dei filmane skal vere på nynorsk! Naivt og godt opplesne av Hildegunn Rise? Det var vel det som gkorde dei gode for vaksne og.

    SvarSlett