Du treng:
450 g Oreokjeks (3pk)
100g smelta smør
2 pk tine naturell ost eller 1 pk philadelphia
2,5 dl melis
ca 3,5 piska kremfløyte (dvs 1 pk)
2,5 ss sukker
1pk Toro sjokolademousse
3 dl mjølk til mousse
Slik gjer du:
Brekk 1/4 del av oreokjeksa i bitar og legg dei til side. Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei. Tøm smulane i botnen av forma og tøm 100g smelta smør over. Trykk dette litt ned i forma for at botnen skal bli fast og fin.
Mix kremost og melis slik at det blir ei luftig blanding. Så mixar du fløyte og sukker til krem. Bruk halvparten av fløtekremen og bland med ostekremen. (Bruk mixmasteren på lavaste nivå eller bland med ei sleiv.) Smør ostemassen på oreokakebotnen og dryss knuste bitar av den 1/4-delen av oreokjeksa du la til sides i byrjinga. Set dette 30 min i kjøleskapet.
Mix så sjokolademoussen (etter pakningen) og smør den oppå osteblandinga igjen. Set den så inn i kjøleskapet igjen i 1 time. Til slutt smører du resten av kremen som du også la til side oppå kaka og pyntar den nett slik du vil.
For best resultat la den stå i kjøleskapet over natta, eller minst 3-5 timar.
Eg skal ikkje uttale meg om kva som er den originale oppskrifta, men denne er lik venninna mi si.
SvarSlettDen er ikke orginal vill jeg si med mindre det er sjokolademouseen i midten er laget fra bunn av! å dette kommer fra en 22 år gammel jente. du burde da vite bedre enn å kalle en ting original når du bruker ferdig produkter oppi!
SvarSlettOriginal i tydinga "opprinneleg". Kjeksa er heller ikkje heimebaka :)
Slettmy site view it more why not try here go to this website official site
SvarSlett