mandag 22. februar 2010

Feriedag1

I dag feira kollegavenninne K og eg vinterferien med ei utflukt til "byen" Ulsteinvik. Den offisielle versjonen er at vi var på utflukt til Flø, noko bileta kan prove. Den uoffisielle (og langt meir trulege) versjonen er at vi kom utover så tidleg at butikkane ikkje var opne enno, og at vi korta ventetida med ein road trip. Elles fekk vi sjølvsagt høve til eit cafébesøk innimellom slaga. Handling vart det lite av for min del, men det var ein strålande dag i godt selskap.

3 kommentarer:

  1. Vi var på Flø i februar i fjor i om lag same slags ver.Hjelp! Kor tida går......det er ikkje lenge sidan. men like fint i år som i fjor.

    SvarSlett
  2. Takk for turen, eg hadde allereie hatt ein flott dag då butikkane opna! Det er viktig å ta nokre (ut)flukter i/frå kvardagen! :0)

    Kristin M.

    SvarSlett
  3. Alltid koseleg å reise på tur med deg, Kristin!

    SvarSlett