lørdag 13. februar 2010

Vinklubb i februar

Det er ei stund sidan sist eg var på vinklubb, men i kveld slo eg altså til igjen. Det vart, som vanleg, ein triveleg kveld med mykje fliring og heite debattar, nydeleg mat (spekemat) og god vin.

Sidan vinklubben blir ti år til hausten, vart det litt diskusjon om korleis vi skal markere jubileet. Og så mimra vi litt om åra som har gått sidan hausten 2000, då nokre av oss fann ut at noko måtte gjerast for å få til eit sosialt tiltak for damene i bygda. Det har i høgste grad vore eit vellukka initiativ.

1 kommentar:

  1. Såg hyggelig ut! Eg likar å sjå at ikkje alle har måla dei trekvite panelveggene sine. Men det er vel berre eit tidsspørsmål.

    SvarSlett