torsdag 23. desember 2010

22. desember: bibliotek, frisør, besøk og kamelar

I dag hadde eg fått meg frisørtime, og eg drog med meg dei to yngste til Volda. Vi rakk å stikke innom biblioteket for å hamstre lydbøker til jul, og så henta Barnefaren dei så eg fekk kose meg hos frisøren. Deretter vart det besøk i Ørsta, der Systa og Svoger også møtte - vi måtte utveksle julegåver, så klart! Det vart ei hyggeleg stund med god mat og prat, som vanleg.

Eg såg eit bilete av dei tre vise menn ridande på kamelar, og tanken slo meg: er det ikkje det jula dreiar seg om? Kamelar, altså? Handelsstanden og media legg opp til at jula skal vere kvit, koseleg og at ein skal få det ein ønskjer seg. Realiteten er for mange at dei må svelgje kamelar. Kanskje får ein ikkje det ein ønskjer seg av gåver, maten blir ikkje heilt topp, ein blir sjuk, ein må tilbringe jula saman med folk ein ikkje set pris på, eller ein saknar dei ein eigentleg ville ha feira jul saman med. Idyllen blir kanskje ikkje heilt som ein hadde håpa på eller forventa.

Min julebodskap i år er at ein bør sjå stort på det meste, og heller gjere det beste ut av dei rammene som ligg føre. Dette høyrest ut som eit sitat frå ein dansebandsong, men eg meiner det like fullt. Vi vaksne bør legge tilhøva til rette for at ungane får behalde den magien som jula enno har, så får det heller vere at ein sjølve kunne ha tenkt seg ting litt annleis. Sjølv fokuserer eg i år spesielt på at det faktisk er ein ferie, som i alle fall eg verkeleg treng i år.

Eg ønskjer ei fredeleg og hyggeleg jul til blogglesarar og alle andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar