fredag 3. desember 2010

3. desember: nå har vi vaska golvet og vi har børi ved

I dag vart det lite action i heimen. Eg var rett og slett sliten etter arbeidsveka, og hadde meir enn nok med middagslaging og klesvask etter jobb. Det vil seie; eg var no på café etter jobb, og så kjørte eg nokre jenter til Ørsta på ballett og speedshoppa på Skeidar, så eg var ikkje heilt sløv.

På Skeidar kjøpte eg to elektriske adventstakar til det eine stoveglaset, og så tenkte eg at ungane kunne ha ein stake oppe på sitt rom. Føresetnaden var at dei rydda og tørka støv på rommet sitt. Dei så gjorde, og i tillegg støvsugde og vaska dei golvet. Eg fyrte i omnen og gjekk meg ein tur ein times tid før vi sette oss til med X-faktor. I bloggande stund et vi popcorn, brenn røykelse og heiar på Mo!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar