tirsdag 14. desember 2010

14. desember: juleball og julegåver


Etter jobb i dag vart det ei kort treningsøkt saman med Eldstejenta før eg sette kursen heimover. Storegut skulle på juleball, men vi andre har kosa oss i heimen, tatt oss ein liten blund kvar og hygga oss med barne-tv, peparkaker og pakking av julegåver.

Eg er i gang med ein ny bunke - denne gongen i norsk sidemål. Når ein berre tek nokre få for dag, er det eit hyggeleg arbeid, men eg tvilar på at eg blir ferdig med alle bunkar til jul. Det er mykje å halde styr på når det gjeld avslutningar, tentamenar og venegåver når ein har ein skokk med ungar. I dag hadde to av dei juleverkstad på skulen, medan den eldste hadde tentamen. To skulle derfor stille med peparkakeformer, medan den eldste skulle ha snop og brus. Kosthaldet i førjulstida er nesten verre enn i sjølve jula, og det blir mykje tv-sjåing og innesitjing innimellom "slaga". Det skal bli godt med ferie!

2 kommentarer:

  1. Storegut er så fin i dressen sin, at mormora blir reint rørt.Utrulig kor tida går. Det er ei travel tid for alle aktive, men tenk om vi ikkje hadde hatt denne jula å styre med, då hadde vinteren blitt lang !!!

    SvarSlett
  2. Hugs på at dette er den morderiske fyren frå førre blogginnlegg...

    SvarSlett