torsdag 23. desember 2010

23. desember: vesle julaftan



I dag gjekk eg meg ein lang tur (her snakkar vi over ti kilometer) før eg kasta meg over julevasken. Grønsåpelukt høyrer jula til! Ut på ettermiddagen vart det julegraut med mandel, gløgg, skiver med deilig pålegg og pynting av juletre. Heimen er fylt av dyr no når kaninen har flytta inn på loftet og katten bur i kjellaren. Hundane bur framleis i hovudetasjen, og katten får lov å kome dit på visitt av og til. Ho leikar med alt som dinglar, så det spørs kva ho vil synast om juletreet.

I kveldinga såg vi "Home alone" for ørtande gong - utruleg at ein slik film kan føre med seg så mykje julestemning!

2 kommentarer:

  1. Same prosedyre som her. I år fall ein kommetar under grautetinga: "Mamma he'kje du hatt mandel i grauten? Ikkje morsomt!" Mandelen fekk yngstemann ei stund ut i måltidet. For ville eg ha funne på noko slikt? Ikkje i år, men det gav meg ein ide!

    SvarSlett
  2. Eg har aldri vore særlig oppteken av tradisjonar, men somme ting utviklar seg til å bli ein tradisjon, heilt av seg sjølv.Og det kan vere dei underligaste ting.

    SvarSlett