tirsdag 21. desember 2010

21. desember: juleavslutning

Det er neppe naudsynt å forklare at eg var ein smule trøytt då eg møtte opp på jobb 8.10 i dag tidleg, og elevane var ikkje noko særleg mindre trøytte, men i alle fall i dårlegare form, dei aller fleste. Etter ei kort økt på klasserommet, der det mellom anna vart delt ut ferdigretta heildagsprøver og øvd på julesongar (jada, eg er eit funn når det gjeld å spreie hygge og glede rundt meg), samla vi for første gong alle elevane i Voldahallen for å høyre rektor tale og å gå rundt juletreet. Dette blir truleg ein tradisjon, for det var ei triveleg stund. Rektor kunne mellom anna kunngjere skulens nyvalde visjon: "Mot høgare mål". Det har vore ein lang prosess å kome fram til denne visjonen, men no trur eg vi kan implementere den i all vår verksemd framover.

Julegudstenesta er sjølvsagt frivilleg både for elevar og lærarar, og eg plar gå kvart år. Musikklinja framførte i år min nye favorittjulesong "Silent night, holy night" av Dvorak i tillegg til "Det lyser i stille grender", og det vart ei fin stund med mykje julestemning.

Etterpå vart det kaffi og kaker for dei tilsette i den nyrenoverte vestibylen, og rektor heldt ein fin tale og innførte ein ny tradisjon, nemleg å "knipe nokon i å gjere noko godt". Diplomet gjekk fullt fortent til bibliotekaren ved skulen, som måtte flytte ut av lokala sine i full fart då det uventa vart løyvd pengar til opprusting av biblioteket. Resultatet blir sjølvsagt bra, men ho har allereie hatt mykje ekstra styr og arbeid.

Då feiringa var slutt, tok kollegavenninne K og eg oss ein tur på café, og deretter ein liten felles shoppingrunde. Ein av dei absolutte fordelane med å gå på jobb, er dei mange supre kollegaene!

Vel heime sende eg dei to små i selskap og gjekk meg ein tur langs vegen. Det gjorde utruleg godt å "lufte vetet" litt, høyre lydbok og kose seg med det, og så stogga eg og fekk ein kaffikopp før eg tok med ungane heim.

I bloggande stund har eg sete stille i ein stol med beina høgt i over ein time. Ungane spelar data og ser TV, og dei et dessutan restane av snop og snacks som dei hadde med på skulen i dag. Vi har fått ferie, og det skal vi nyte i fulle drag!

2 kommentarer:

  1. Får seie som eg plar: Det eg saknar mest med jobben, er feriane.Den kjensla av at NO er stresset over for denne gong. Julestemning i form av julesongar osv. Det blir liksom ikkje det same når ein har heilårsferie.

    SvarSlett
  2. Fleire pensjonistar stakk innom julegudstenesta i dag,. vanlegvis plar dei vere med og ete smørbrød og kaker etterpå, men i år har vi allereie feira stort med jubileumsfest, så då gjorde vi det enkelt på avslutninga.

    SvarSlett