torsdag 16. desember 2010

16. desember: julefest på Folkestad skule

I dag tok eg meg ei treningsøkt etter jobb, i og med at eg skulle ta ei sein ferje for å hente gutane på skulen. Eg skulle dessutan på fest og sitte stille om kvelden, og då kunne det vere greitt å ha trimma frå seg. 7,5 kilometer på tredemølle vart det, og i tillegg ein liten shoppingrunde saman med Eldstejenta.

Då vi kom heim, hadde det snødd mykje. Naboen hadde fresa så fint i dag tidleg, men innkjørsla var dekt av eit nytt, kvitt lag. Det var berre ein ting å gjere: eg drog på meg Felleskjøpdressen min og stakk ut for å moke vekk det grøvste. Så var det inn og dusje, skifte og gjere klar ungane og meg sjølv til festen. Med akkurat nok tid sette vi oss i bilen, rygga oss ut innkjørsla, fekk sladd og enda i snøkanten. Ungane fekk sitje på med naboen til festen, men eg kom noko seint etter å ha fått hjelp av to gode naboar - ein av dei var utstyrd med traktor. Heldigvis for meg var det fleire som var forseinka, så festen vart utsett nesten ein halv time.




Programmet var i grunnen passeleg langt med Luciatog, korsong, gitarspel og dans. Våre tre var flinke på scenen, og Storegut debuterte som trommis i eit par band vi har stor tru på. UKM neste?

2 kommentarer:

  1. Ja, eg var litt redd for at du skulle få problem med snøen. Etter som eg forstod vart ikkje bilen skada. Har litt omsorg for den også.

    SvarSlett
  2. Ja, både bilen og folka kom frå det like heile og utan riper i lakken. Men sjåføren var noko stressa (noko nytt?)...

    SvarSlett