søndag 5. desember 2010

10 år med vinklubb

Denne gongen vart vinklubben noko utanom det vanlege. Eit par av "pikene" hadde samla inn bilete frå hausten 2003 og utover - vi starta som tidlegare nemnt opp med vinklubb oktober 2000, men ingen tok bilete før vi var på dametur til Rekkedal på Halloween 2003. Ei av årsakene til at eg hugsar datoen så nøye, er at eg hadde min siste fødselstermin 14. november 2003, og at eg derfor insisterte på å kjøre sjølv på turen til Sæbø, medan dei andre tok maxi-taxi. Eg såg føre meg at det ville bli vanskeleg å kome seg på føden med heile vinklubben på slep, og ville derfor kunne kjøre dit sjølv dersom fødselen tok laust. Det var dessutan morosamt at innehavaren av serveringsstaden på Rekkedal liknar mykje på bror sin, som er gynekolog på Volda sjukehus, og at det gamle huset på garden har mange gamle sengar som eg godt kunne ha fødd i. Eg har med andre ord endra meg ein del sidan 2003, og det var det fleire andre som har òg. Nokre har slanka seg, andre har vore sjuke, born er blitt fødde - mykje skjer på ti år, kanskje spesielt i kvinneliv. Attersynet gav oss både vemod og latter.




Vertinna stilte med power point-presentasjon, nydeleg mat (kyllingsalat og laksesalat) (må skaffe meg oppskrifta på sistnemnde!) og litt tame vinar som på mystisk vis forsvann i løpet av kvelden/natta...

Takk igjen damer - eg føler meg privilegert som kjenner dykk alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar