Oppskrift (vi dobla denne og fekk tre brett med kaker)
250 gram kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
150 gram meierismør
100 gram sukker
1 egg
Egg til pensling
Perlesukker og/eller hakka mandlar til å drysse på toppen
(eg plar blande mjøl, bakepulver og vaniljesukker, deretter kjøre det i foodprosessor saman med smøret. Så tilset eg sukkeret og deretter egg. Deretter set eg deigen i kjøleskapet til vi skal trille kuler, trykke dei flatare med gaffel, pensle og strø på perlesukker. Eit par av ungane likar ikkje mandlar, så det plar vi droppe, sjølv om kakene smakar best med mandlar på)
Steikast på 180 grader i om lag 10 minutt. Må leggast på rist like etter steiking for å bli sprøast råd.
Same oppskrift og framgangsmåte som eg brukar.
SvarSlettI bakeboka mi står det noko om at ein må blande ingrediensane forsiktig saman, elles blir ikkje kakene sprø. Berre tøv, trur eg. Det viktigaste er meierismør og rist. Og eg la ikkje ut oppskrifta fordi den er spesiell, men fordi det var nokon som bad meg om å gjere det :)
SvarSlettFør brukte eg å bake store boksar fulle med serinakaker- med mandlar på. Det er lenge sidan no, men når eg ser dessse kakene, må eg alltid tenke på hamsteren Bertil som var veldig glad i serinakaker.
SvarSlett