tirsdag 7. desember 2010

7. desember: ein dag blotta for julestress (om ikkje for elevane)

I dag var det heildagsprøve i matematikk, eit fag eg sjeldan har eller kjem til å undervise i. Eg hadde såleis ikkje noko anna med prøva å gjere enn at eg følgde elevar ut og sat vakt for 28 stakkarar som sleit hardt medan eg stirra tomt ut i lufta. Jammen bra ein har fleire års høgare studium når ein blir sett til slike oppgåver...

Det går rykte om at eg er ei rastlaus sjel, og noko av dagens rastløyse gjekk/jogga eg av meg då Eldstejenta og eg tok oss ein times treningsøkt etter "jobb". Det var veldig koseleg, og eg kjenner at forma blir stadig betre, noko som sjølvsagt inspirerer meg veldig til å halde fram med å skru opp tempo og tidsbruk.

Vel heime vart det mykje stillesitting med skulearbeid, og eg fekk unna ein bunke eg hadde begynt på i førre veke. Elles kosa Minstemann og eg oss med jul på Månetoppen (her kunne eg ha avslørt at Minstemann sprang hylande ut av stova då eg insisterte på at vi skulle sjå Nrk super, men at han kom luskande attende og tok til takke med nissane sjølv om han eigentleg ville sjå Disney Channel) og serien "Pakten", som også er noko nissegreier - eg fyl ikkje akkurat så godt med, må eg innrømme.

På menyen stod sjølvsagt suppe, og i dag var han kokk sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar