onsdag 8. juni 2011

Bok 39 2011: "Magnetisørens femte vinter" av Per Olov Enquist

Romanen er frå 1964, og handlinga er basert på ei sann historie om ein tysk lege som dreiv med såkalla magnetisme-effekt i lindring av sjukdom. Synsvinkelen vekslar mellom ei forteljarstemme og dagboknotat frå ein av personane i historia. Det store spørsmålet er om hovudpersonen kan gjere folk friske att, eller om han driv med humbug. Eg fekk ikkje så mykje ut av den, er eg redd, men eg vurderer å sjå filmatiseringa frå 1999.

1 kommentar:

  1. Eg hugsar at eg lånte boka og at eg las i den, men veit ikkje om eg fullførte. Trur nesten det, men då må eg ha blogga den. Trur ikkje eg fekk særlig mykje ut av den i så fall.Men etter kvart demrar eitt og anna for meg.......

    SvarSlett