Etter jobb i dag tok Eldstejenta og eg oss ein tur på TREN, der vi både gjekk tur, jogga litt og rodde. Utan å bli våte. Etterpå tok vi ein snartur innom solsenteret, under mottoet "lag din eigen sommar". Det er deilig å sitje inne i kveld med ullsokkar og fleece, lettare solbrend, med ein stor kopp varm te. Kalenderen seier 9. juni.
Dette er ver til å bli skikkelig versjuk av, men vi har opplevd det same mange gonger før. Vi får håpe at det kjem seg -så gale har også hendt før.Intet er nytt under solen.Vi har i alle fall ikkje brukt opp fineveret før ferien i år.
SvarSlettOlaug kom heim frå skuletur i går lett raud - av sola!
SvarSlettI går, ja, då var det bra. I dag var det tilbake til normalen; rundt ti grader, regn og skodde...
SvarSlett