onsdag 29. juni 2011

Bok 46 2011: "Far Goriot" av Honoré de Balzac

Etter å ha meldt meg ut av Verdensbiblioteket fordi eg syntest bøkene var litt tunge og lesinga lite lystprega, er sjølvsagt lageret eg har opparbeidd meg fullt av litterære godbitar. "Far Goriot" handlar, kort fortalt, om ein mann som lever i ytterste fattigdom fordi han gir alt han eig til sine to utakksame døtrer. Ein får eit innblikk i livet blant sosieteten i Paris på 1800-talet, og ein opplever ei hjarteskjerande dødsscene mot slutten. Eg måtte faktisk felle ei tåre eller to.

2 kommentarer:

  1. Eg ser i alle fall at med den "lesefarten" du har, når eg deg aldri att. Men eg synest det er flott at du får lese litt meir lødig litteratur enn det som eg meskar meg med. Har nokre verdensbibliotekbøker eg også, som eg sikkert hadde hatt utbytte av å lese.

    SvarSlett
  2. Eg hadde nokre påbegynte prosjekt som eg endeleg har fullført. Å lese bøker i papirutgåve blir det lite høve til utanom feriane.

    SvarSlett