torsdag 2. juni 2011

Guttetur i fjøra





Sidan Veslejenta skulle spele fotballkamp i dag, vart det berre Gutta og eg i heimen. Dagen var grå, og eg hadde lova dei ein roleg dag utan aktivitetar. Halvannan time på tur i fjøra gjekk dei med på, og der var det mykje å finne på etter kvart som ein fann både smutt-steinar, sprettande småkryp, rekved og skjel.

Etter turen gjekk eg meg ein tur etter vegane aleine, så det vart nok mosjon for ei rastlaus sjel. Då eg kom att, sende Veslejenta melding om at ho var på kaia i Volda, så då var det berre å svinge seg rundt med gryter og visp og få ferdig middagen like etter ho kom.

Laget tapte dessverre 2 - 1 mot Bergsøy, og i følgje spelarane og foreldra som var med, var dette eit feil resultat fordi dommaren dømde til mål ei nydeleg redning av bursdagsbarnet J. Heldigvis sa Veslejenta at dei hadde hatt det "steike kjekt" sjølv om dei tapte.

I kveldinga set eg meg til med vurdering av elevmapper - det er siste krampetrekning når det gjeld skulearbeid no før karakteroppgjeret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar