lørdag 4. juni 2011

Laurdag: karakterar, kaker og klesvask


Dagen starta på ein perfekt måte: Minstemann kom listande, gav meg ein klem og sa "du e verdens beste mamma". Det er deilig å starte dagen med eit smil!

Eigentleg hadde eg tenkt å nytte dagen til ein liten fjelltur eller noko slikt, men ungane hadde avtalar i aust og vest såpass eg måtte vere taxisentral i staden. Slik gjekk det til at eg fekk brukt nokre føremiddagstimar på jobbing (føring av karakterar), gått ein liten tur med Minstemann, laga eit par kaker (dette høyrest meir imponerande ut enn det er, sidan det er enkle oppskrifter og minimalt med pynting), sett på nokre maskiner med klesvask og gått tur i halvannan time aleine før eg kom heim og laga middag i 19-tida. Det er nesten kjekt å gjere husarbeid når ein har fri og god tid, og eg ser fram til rolegare dagar om ikkje lenge.

Note to self: Å høyre lydbok om livet i ein restaurant når ein er nesten daud av svolt er "issje bra"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar