søndag 26. juni 2011

Together again

Etter ein lang dag i bil kom vi omsider heim, og eg reiste av stad for å hente småungane. Dei hadde hatt ein kjekk miniferie hos besteforeldra i Ørsta, der eitt av høgdepunkta var to fisketurar. I "byagåve" fekk ungane ei dvd-samling av sju Harry Potter-filmar, med håp om stillferdig kos framover. I bloggande stund går dei berserk og er særs høgrøysta - det er mykje fire ungar har å fortelje kvarandre etter nokre dagar kvar for seg.

I Ørsta fekk eg nok ei bursdagsgåve; denne gongen eit Flora-sett med blåbær . Tusen takk til Hareidsdølene for fin presang!

1 kommentar:

  1. Gjekk meg på settet då eg var sensor og tidleg ferdig. Kjøpte eit sett eg ikkje hadde sett før ...

    SvarSlett