onsdag 29. juni 2011

Baking og bøker

Feriedag 3 i heimen: skodde og regn. Igjen.

Vi vaksne har lett for å kome på nyttige inneprosjekt når vêret er dårleg, og personleg kjedar eg meg så og seie aldri. Men eg kan bli vêrsjuk.

I og med at Sydenbillettane er i boks, tok eg livet med ro i dag og tenkte at vi får kose oss og slappe av til vêret snur. Eg gjekk meg ein tur på vel ei mil medan eg høyrde lydbok, utan å tvinge nokon til å vere med. Eldstejenta ville bake pizzahorn, så ho sykla til butikken og hadde deretter ein heil jobb med baking, steiking og rydding. Dei tre yngste spelte PS for det meste, men dei to mellomste tok seg ein tur ut når det leid på.

Etter middag har eg kvilt meg, lese i bok og kveikt stearinlys. Det kjennest som haust.

1 kommentar:

  1. Slapp av og kvil deg! Trur det kan vere sunt. Eg blir så LAT i dette veret, enda eg har mykje som skulle ha vore gjort.

    SvarSlett