fredag 3. juni 2011

Fri-fredag med lite arbeid og mykje mat

Då "Besta" la ut bilete på bloggen sin av Pappas storfangst, var eg så direkte i kommentaren min at vi fekk middagsinvitasjon. No visste ikkje verken kokken eller eg om ungane likte det som stod på menyen, så det vart supplert med heimelaga fiskebollar og bacon. Så viste det seg at alle likte steikt kveite fantastisk godt! Til dessert fekk vi heimelaga is og rabarbrakake, noko som òg fall i smak.

Vel heime klipte eg plenen, og så kjørte eg Storegut på overnattingstur til Bjørkedalen. Veslejenta skulle overnatte hos Nabojenta, så det vart berre Minstemann og meg i heimen. Vi fekk nok ein invitasjon - denne gongen på sveler i hagen til naboane. Minstemann vart venn med barnebarna deira, så det vart litt seint før vi kom oss i hus, men vi har hatt det triveleg. Jobbe kan eg gjere i morgon, kanskje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar