tirsdag 28. juni 2011

Det einaste ho ønska seg var ein solskinsdag

Feriedag 2 i heimen: skodde og regn. Eg tok med meg dei to yngste til Volda fordi Veslejenta skulle til tannlegen, og vi fekk handla litt og gått på biblioteket før vi for heim. Vel heime gjekk eg meg ein lang tur aleine medan ungane kosa seg med PS-spel, og etter middag gjekk dei tre eldste tur heilt på eige initiativ.

Medan ungane var ute, sat eg og såg ut på skodda og tenkte at det er ein lang sommar, og at vêret ikkje akkurat er noko å skryte av så langt. Langtidsvarselet lovar heller ikkje bra. Litt spontant begynte eg å sjå på restplassar til Syden, og plutseleg hadde eg kjøpt ein tur til Eldstejenta og meg i byrjinga av august.

Om ikkje skodda letta ute, letta i alle fall mi indre skodde medan eg venta på at ho skulle kome heim. Eg skreiv noko på facebook om at ho skulle på tur men ikkje visste det enno, og då ho kom heim, sa eg at ho måtte sjekke facebook fordi nokon hadde skrive på tavla hennar. Jubelen stod i taket! No kan vi overleve ein kald og våt juli, for i august skal vi ligge strak ut i sola, klage over varme og berre slappe totalt av i ei veke. Viss vi greier det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar