lørdag 9. juni 2012

Solnedgang på Høgetua

Fredag slapp nokre kattar ut av sekken. Eldstejenta fekk vite at ho kjem opp i engelsk munnleg, same fag og same dag som eg skal sensurere. Det er godt mogleg at mora tek lesinga meir på alvor enn jenta, for det er mykje å setje seg inn i, sjølv om det er kjent stoff det meste.

Etter jobb la eg meg ut i sola og somna, og eg vakna ikkje før det hadde gått tre timar. Det er tydeleg at nokon snart treng ferie.


Det vart, av same grunn, ikkje nokon langtur på fredag kveld, men berre ein liten tur opp på Høgetua, der ein har utsikt over Hovdevatnet og solnedgangen.

2 kommentarer:

  1. På Høgetua har eg vore mange gonger, men når det er varmt, maktar eg ikkje å gå, så det får eg gjere dei overskya dagane. Føtene mine fungerer ikkje i godver.Nydelige bilde på ein nydelig kveld.

    SvarSlett
  2. Eg orka ikkje å gå så langt fordi eg var så slapp fredag. Det kom seg innan laurdag, heldigvis, for her trengst eit klårt blikk og eit enda klårare hovud til utfordringane i neste veke...

    SvarSlett