onsdag 5. september 2012

Bok 57 2012: "Fortsatt savnet" av Chevy Stevens

Forfattaren er ein tidlegare eigedomsmeklar som begynte å fantasere om kva det verste som kunne skje henne på jobb kunne vere, og som deretter debuterte som forfattar med denne boka. Ikkje uventa møter vi ein eigedomsmeklar som vert utsett for noko grusomt, og ho fortel om desse hendingane til ein psykolog.

Eg likte boka godt. Den er spennande og engasjerande frå første kapittel, men flatar noko ut mot slutten, før den bråstoppar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar