torsdag 6. september 2012

Bok 59 2012: "Din eneste venn" av Jan Mehlum

Denne gongen har eg høyrt radioteater på lydbok, noko som berre tok om lag tre timar. Det er greitt som avveksling, men ein bør høyre godt etter for å få med all handling. Eg har sansen for Svend Foyn og hunden Hulda, og oftast synest eg livet deira er langt meir interessant enn sjølve sakene. I denne romanen handla det om påståtte justismord, og det heile vart noko føreseieleg og lite engasjerande.

4 kommentarer:

  1. Har du lese/høyrt noko av Chris Tvedt? Han skriv i hovudsak om advokat Mikael Brenne og kan anbefalast! Det er krim, sjølvsagt;)

    Eva

    SvarSlett
  2. Eg las "Av jord er du kommet" tidlegare i sommar, og den likte eg godt!

    SvarSlett
  3. Eg har også sansen for Svend Foyn og forfattaren Jan Mehlums slentrande stil. Men høyrespel er eg ute av trening på. I min barndom utan TV, var krim i Radioteateret på laurdagskveldane høgdepunktet i veka.

    SvarSlett
  4. Radioteater er artig det, men det krev meir merksemd enn ei vanleg lydbok fordi det er meir "fortetta" i forma. Det høver dessutan ofte dårleg som sengelektyre på grunn av lydeffektane.

    SvarSlett