tirsdag 4. september 2012

Dikt om haust, regn, vind og ein katt

"Veslemøy ved Rokken"

Arne Garborg
D'er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekkje-Pute
han gamle Mons i Ro.

Der ligg han trygg og drøymer
Og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og segjer ingin Ting,
men liksom inn seg gøymer
med Rova sveipt i Kring.

Som Silke-Nøste fine
han ligg i mjuke Skinn
med Svevn i kvar den Mine
og alle Kløar inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine
og murrar smaatt og mèl.

Skal vìta kvar du vankar
i blide Draumar no?
Kann hende dine Tankar
seg svæver lint til Ro
i gamall Minne-Krins,
som stilt i Hop seg sankar
fraa den Tid du var Prins?

Venaste Prins i Verdi
du gjekk i Skogen grøn
med Gullhaar yvi Herdi
og ung og keik og kjøn
og tenkte paa den Møy
som gjekk og henta Bæri
so vide under Øy.

Daa kom den Trollheks blide
med Sving og Sveiv og Svins
fraa Trolleheimen vide
og saag den vene Prins.
Men skræmd han fraa ho skvatt.
Daa las ho Trollbøn stride
og gjorde han til Katt.

Sidan so vidt han flakkar
igjenom Skog og Skar,
langt yvi Berg og Bakkar,
og kjem til okkons Gard.
Her kann i Ro han døy.
Her vil han kvile, Stakkar,
og tenkje paa den Møy.

Aa hu! det ruskar ute
med Regnvind sur og graa;
Smaafuglen flyg mot Rute
og liksom bankar paa.
Men under Omnen god
du Mons paa Sekkje-Pute
skal drøyme lognt i Ro.

3 kommentarer:

  1. Eg må innrømme at eg har meir sans for denne gamle klassikaren enn for mange av dei moderne dikta. Og kanskje var det ein slik kveld, mens han sat og så på katten at hanskreiv det? Og no er det kanskje du som ser på ein annan katt?

    SvarSlett
  2. Ja, eg kjende meg att i det diktet no, men ser ikkje fullt så mange troll og andre vesen som Veslemøy gjorde.

    SvarSlett
  3. Det er fordi du har elektrisk lys.

    SvarSlett