søndag 2. september 2012

"Dinner and a movie" - eller "Kino og Kina"

Sidan vêret var elendig og mengda med skulearbeid minimal, gjekk vi oss ein lang tur på føremiddagen og for deretter til tettbygde strok for å sjå film og ete middag på kinarestaurant.

Eg likte filmen svært godt. Den er tydeleg keltisk i musikk og stemning, den har ein feministisk bodskap og den syner eit oppgjer mellom mor og dotter. Kva meir kan ei mor ønske seg når ho tek med tre avleggjarar på kino?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar