lørdag 8. september 2012

Haustleg septemberlaurdag





Det er deilig å ha ein heil dag til rådvelde utan noko fastsett program. Småungane og eg var ein tur på butikken og gjekk tur før middag, medan Eldstejenta jogga og kom etter oss på sykkel såpass vi møttest undervegs. Eg tok med kamera for å ta bilete av haustteikn, men vi heldt oss på vegane sidan det er frykteleg vått og gjørmete i skog og mark.

Etter middag har vi vaska hus. Det hadde vore stillare, lettare og kjappare for meg å vaske aleine, men det er ei viss læring i å delta i denslags aktivitetar. Eldstejenta er flink til å vaske når ho hiv seg rundt, men dei to små har mykje å lære enno. Når vi blir ferdige, kan vi slye oss med tv og snop.

Ungane fekk forresten spørsmål om kva dei aller helst ville ha til laurdagsmiddag, og svaret var pizza. Jaha - meinte dei heimelaga? Neida, dei ville ha "Grandis". Mor kan såleis få ein roleg kveld ho òg, og det passar heilt perfekt.

1 kommentar:

  1. Det synest eg det gjer! Sjølv vaska eg i går ettermiddag/kveld medan Øystein og Olaug var på Hessa. Då får ein høyre lydbok i fred. I dag har eg laga mat, plukka bær og lese kokebok!

    SvarSlett