lørdag 12. januar 2013

Fladalen med kidsa

I dag var det ein nydeleg vinterdag med kulde og sol, men vi kom oss ikkje på tur nokon stad der sola skein. Eg tok nemleg med meg ungane dit eg gjekk på tur sist søndag: Fladalsetra i Bjørkedalen. På setra rasta vi, og nista var "julemannar".





Då vi kom heim, laga eg pizza, vi brende brising og styra litt inne. Dei to store skal til tettbygde strok i kveld, så dei to små og eg skal ha ein roleg kveld framfor tv-en.

2 kommentarer:

  1. Her vert det berre dei gamle heime i kveld. Sånt er livet!
    God helg!

    SvarSlett
  2. Det blir ikkje så ofte heile familien er samla, og då er det spesielt kjekt å finne på noko saman som ikkje involverer sosiale eller andre typar media.

    SvarSlett