onsdag 23. januar 2013

Fri-onsdag med tur i nærmiljøet




I dag hadde eg huset fullt av born, for berre Storegut var på skulen, og Minstemann hadde overnattingsbesøk av ein kompis. Eg fekk ein roleg føremiddag, og fekk mellom anna sett spørjetimen i Stortinget på tv.

Då ungane etter kvart hadde stått opp og ete frukost, gjekk vi tur ned til ballbingen. Sjølv gjekk eg vidare innover mot Mjeltvika, medan ungane vart att i ballbingen og i området rundt. Planen var at eg skulle ta bilete av dei når eg kom attende, men då hadde dei akkurat gått.

Elles kan eg melde om om lag 1/2 time sol i stova i dag, inn gjennom verandadøra. Dei som rydda for kraftlinja har truleg gitt meg meir sol som ekstra bonus.

4 kommentarer:

  1. Fin dag! Kan du forklare Mjeltvika, er det mot Kile?
    Eg camperer i Førde i to dagar, med fokus på min nye "jobb". Fekk derfor ikkje med meg dei første solstrålane heime.

    SvarSlett
  2. Ja, det er mot Kile, frå Straumshamn. Eg bur på E39-sida, og går derfor ned til krysset og deretter innover langs ein grusveg. Sola vandrar, men eg kan klare å få sol på heile turen viss eg kjem meg ut om lag klokka 12.30.

    SvarSlett
  3. Så det er ein rundtur, liksom? Fint å ha ein slik rode, er det rett ord?

    SvarSlett
  4. Det kan bli ein rundtur, men då må ein gå på sti frå Mjeltvika til Kile. Eg plar snu og gå attende der eg kom frå.

    SvarSlett