torsdag 10. januar 2013

Livet på skuggesida

Eg har ingen au pair, og heller inga vaskehjelp. Eg har derimot ein jobb som til tider krev mykje tid på kveldstid og i helgar. I tillegg har eg fire born som er med på mange aktivitetar og skal køyrast til og frå desse. Tre av ungane går på skule, noko som medfører leksehjelp, eller i alle fall ei viss interesse for den faglege utviklinga.

Denne veka har det vore mykje fokus på "kjendismamma" Marte Krogh, som har vore intervjua i bladet Mamma.nohttp://www.mamma.no/mammaliv/livet-p%C3%A5-solsiden Eg, og mange med meg, har irritert oss over uttalane hennar om korleis småbarnsmødrer må ta seg saman og trene meir. Det går deretter fram at ho er heimeverande, men har au pair og vaskehjelp til å avlaste seg. Mannen, deimot, vil ikkje skifte bleier og trille barnevogn, men det synest ho ikkje er problematisk. At han er styrtrik verkar kanskje formildande.

Eg håpar denne sorten artiklar vekkjer irritasjon og sjokk blant dei fleste, men fryktar at slike overklassekvinner kan setje ein standard for korleis unge jenter forventar å leve. Og så håpar eg at dei fleste foreldre evnar og ønskjer å setje eigne interesser og behov litt til sides for å prioritere borna sine.

Nokre av mine finaste stunder har vore på skogstur med ungane, i roleg tempo og med gode samtalar om det dei tenkjer og filosoferer om. Eg har sett pris på å kunne kombinere dette livet med å vere yrkesaktiv, men eg skulle ofte ønskje at eg kunne ha jobba mindre for å ha meir tid til ungane. Sjølvsagt skulle eg gjerne ha hatt vaskehjelp, og sjølvsagt har eg sett pris på å pusle med eigne interesser innimellom, men eg trur ungane har hatt godt av å sjå meg gjere normale ting i og utanfor heimen, i staden for å leige hjelp til det. Ungane mine er ikkje opplærte til at det "sjølvsagt" kjem ei vaskehjelp og ryddar etter dei.

Likestillinga var på god veg inn i kvardagslivet til folk, men kvinner som Marte Krogh set kanskje på bremsa.

3 kommentarer:

  1. For ein generasjon sida var det mest "egoistiske" ei kvinne kunne gjere å jobbe. Då fekk ein realisert seg sjølv, som det heitte.
    Eg meiner livet er delt i bolkar. I småbarnperioden får ein mindre tid til seg sjølv. Den store interessa vert borna. Så vert det deira interesser som vert foreldra sine interesser. Ein oppdagar kanskje nye sider ved seg sjølv. Trim og trening får ein kanskje gjennom dagleglivet i periodar. Eg trilla heim all mat i fleire år til dømes.
    Og pengar? Dei må berre unge damer belage seg på å tene sjølve!

    SvarSlett
  2. Flott innlegg i "debatten", send det som lesarinnlegg til Sunnmørsposten eller Møre eller eitkvart.

    SvarSlett
  3. Trur ikkje sjølvdigging er sunt verken for mora eller barna hennar, og eg trur ikkje mange tenker slik som ho. Heller ikkje er det mange som har høve eller vil leve som MK. Etter mi meining gjer ho seg til latter for heile folket.

    SvarSlett