onsdag 2. januar 2013

Striskjorte og havrelefse

Så var ferien over. Akkurat då eg hadde begynt å lure på om eg var frisk, men lat, eller om sykja sat i framleis.

Vanlegvis har eg fri onsdagar, men planleggingsdagar slepp eg ikkje utanom same kva vekedag dei kjem på. Dette kan vere bittert nok, særleg med tanke på at eg om fire veker skal bruke fri-onsdagen til kursverksemd.

Lyspunktet i dag var at eg etter at planleggingsdagen var over hadde arbeidsmoral nok til å setje meg til med den siste stilbunken. Eg hadde retta ferdig stilane, men ikkje skrive kommentarar og karakterar. Nokre timar ekstra ved pulten gjorde at eg kan slappe av i kveld og gå meg ein tur. Skritt-teljaren har hatt uønska ferie, og forma er ikkje akkurat på topp. Ein roleg tur på flat veg kan gjere susen.

3 kommentarer:

  1. Sjuk eller berre lat? Den kjensla kjenner eg att. Berre ein liten tur gjorde meg andpusten i går, så eg trur sykja sit i enno. Ein får begynne i det små, for frisk luft gjer underverk!

    SvarSlett
  2. Somme gonger skal ein berre slappe av og vente til ein blir frisk. Meiner eg.

    SvarSlett
  3. Ein roleg tur langs Bjørkedalsvatnet gjorde godt! Kunsten er å kle seg paseleg og setje ned tempoet. I dag svimla det for meg då eg kom på jobb og sprang opp trappa med sekk på ryggen slik eg plar gjere. Då tenkte eg at eg er heldig som er van til å vere i god form.

    SvarSlett