søndag 21. september 2014

Bok 78 2014: "Prøvetid" av Edvard Hoem

Med denne romanen frå 1984 vart Hoem nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Handlinga dreiar seg rundt skodespelaren Johannes Bergmann, som verkeleg trur at det meste dreiar seg om han. Han skal øve inn rolla som tenaren "Jean" i "Frøken Julie", og han har allereie spelt inn filmen "Landstrykere" av Hamsun. I tillegg kjenner han fleire kvinner som han har meir eller mindre kompliserte forhold til. Boka er god, spesielt fordi Hoem bruker dei to andre litterære tekstane som eit slags bakteppe for handlinga i sin eigen roman.

Lydboka er svært godt innlesen; ingen les Hoem som Hoem.

2 kommentarer:

  1. Nei, og han har Norges vakraste stemme - etter mi meining!

    SvarSlett
  2. Nei, vakraste stemma har Jan Erik Wold! (Hoem kjem som nr.2.)Men han har ikkje lese inn meir enn ei bok så vidt eg veit. Trur faktisk eg har lese "Prøvetid"-men det er i så fall veldig lenge sidan.

    SvarSlett