søndag 7. desember 2014

Bok 100 2014: "Zoomarferien" av Arnfinn Kolerud

Sidan eg klaga over at slutten var open i den førre boka eg las av same forfattar, vart eg sjølvsagt glad for å finne ei bok til i same serien. Det er ein frittståande oppfølgjar som godt kan lesast utan kjennskap til Odd og Per Tore.

I byrjinga av boka har Per Tore fått seg kamera til bursdagen, og han ser mange moglegheiter til å tene pengar på den nye hobbyen. Ein av idéane er å drive med utpressing, men Odd gjer den store tabben som utpressar at han presenterer seg i telefonen, og etter ein del bortforklaring endar han opp på dugnad i staden. Ein annan idé er å fange, temme og dressere ein grevling som folk kjem til å ville betale for å late seg fotografere saman med.

I tillegg til at innhaldet er morosamt i seg sjølv, er det som kjenneteiknar denne boka mest av alt ei aldeles herleg leiking med språket. Det er nesten umogleg å velje ut døme, men eg tek med eit litt langt sitat frå side 140, der ein mann studerer ein prikk på dataskjermen som viser kvar ei elektronisk fotlenkje er. Eg levde meg i alle fall godt inn i den kjensla ein har når ein skal vere vaken, men er så trøytt at ein i halvsøvne sit og tenkjer rare tankar for seg sjølv:

"Prikken rikka seg ikkje. Prikken rikka seg ikkje av flekken. Eriksen vart sittande med haka mot brystkassa, vaken bak senka augelokk. Han måtte ikkje sovne. Av og til løfta han på augelokka og såg bort på skjermen. Der var alt prikk likt.
-Prikken liknar på ein prikk på ein prikk, mumla han for seg sjølv. Det var ei vrien setning å seie i halvsøvne, kanskje så vrien at han ville greie å halde seg vaken heile natta om han gjentok den i eitt. Prikken liknar på ein prikk på ein prikk, sa han, og var snart så trøytt av gjentakingane at han sovna. Så vakna han med eit rykk, greip om begge armlena og stirde på skjermen. Der var alt som før. Om prikken no hadde begynt å rikke seg, ville den flytta seg i små prikkerikk, tenkte han i halvsøvne. Og straks prikken rørte seg av flekken, skulle Eriksen takke og bukke og nikke. Nikke for elektronikken og bukke for elektrobukken. Men prikken rikka seg ikkje. Kor mykje enklare hadde det ikkje vore om prikken hadde varsla om rikka sine med eit pip? Varsla kvart prikkerikk med eit rikkepip. Då kunne Eriksen sovna inn som han ville."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar